Untitled-3

SANDE

GARDSMUSEUM

05. Gardsarbeidet på Sande gjennom dei ulike årstider

05.01 Vinter                                                                                                      

Om vinteren var stell av dyra og vedhogst dei viktigaste gjeremåla. Utan straum gjekk det mykje ved – både vinter og sommar. Og møka måtte køyrast ut på åker og eng.

Reparasjonsarbeid var òg vinterarbeid. For kvinnfolka var det kleda som måtte sjåast etter, vølast og fornyast, og  mannfolka måtte sjå etter reiskapar som vart brukte ute.

05.02 Våronn                                                                                   

Våronna, historisk sett, var gjødsling, pløying, harving og såing. Kvar av desse arbeidsoperasjonane tok tid og krefter når hesten var einaste drakrafta. Samtidig blei dyra slepte ut på beite. Det medførte at ein måtte kontrollere og reparere gjerde og sjå etter at grinder var som dei skulle vera.   

På løa finn ein dei reiskapane som blei brukte. Arden er den fyrste plogtypen vi kjenner. Arden snudde ikkje jorda, men laga ei fure som bonden kunne så, eller setje ned planter, eller poteter i. Etter kvart som plog med veltefjøl blei utvikla, brukte ein framleis arden ved setjing av poteter, eller til ugrasreinsking/hypping av potetåkeren. Plogen er ei vidareføring av arden, men er ikkje symmetrisk slik arden er. Den er ut-styrt med ei veltefjøl som snudde jorda. Sjølv om plogen fyrst blei utvikla i England, fekk norske plogar ry som ein særs god reiskap. 

Harva vart brukt til å smuldra, jamne og blande jorda etter pløying. Den vanlegaste harva har fjørande tindar -  slik du finn ho på Sande. 

05.03 Sommaraktivitet

Slåttonn                                                                                       

Slåttonni, eller onni, vart rekna som den travlegaste tida på ein Lustragard. Då skulle vinterfòret til dyra hentast inn. Grasproduksjonen var hovudkjelda for vinterfôr til dyra, og innhaustinga av gras, slåttonna, var difor også den viktigaste sommaraktiviteten på Sande.

I eldre tid var ljåen den viktigaste reiskapen for å slå graset. Etter kvart kom slå-maskina, men i meir ulent terreng var ljåen hovudreiskap heilt fram til vår tid. Det store gjennombrotet for slåtten kom altså med slåmaskina, og med hesten som drakraft. Den  kom hit til landet på slutten av 1800-talet. Maskina er ein kam med eit tilsvarande sett med trekanta knivar. Dei roterande hjula gir ei kraftoverføring via ein veivaksling til knivane som går att og fram inne i kammen og kuttar graset. Å slå med ljå og slåmaskin var eit typisk mannfolk-arbeid. Men det var kvinnene som hadde hovudansvaret for å rake graset og henge det på hesjane. Her hang det til det var turt, då blei hesten og høyvogna igjen mobilisert for å køyre det turre høyet inn.

Når sleperiva kom tok mannen over delar av rakinga. Den type sleperive som var i bruk på Sande er frå  fyrste delen av 1900 åra. Fjøranordninga i handtaket på riva gjorde at tindane festa seg i jorda – riva gjekk rundt og graset blei liggande der ein ville – ved hesa. Ved eit enkelt handgrep blei riva vippa tilbake til samleposisjonen. ”Sleperiva gjør minst 4-5 manns arbeid” stod det i ein reklame for denne riva – ein effektiv reiskap for den tida.

Lauvet var eit viktig tilleggsfôr. Innhaustinga av lauv tok til etter at den tradisjonelle slåtten var ferdig. Lauvkvistane blei kappa med ein spesiell lauvkniv – einsnedl, og bunde saman i lauvkjervar som blei lagra på løelemen når det var turt.

Når onni var over måtte bæra haustast. Bringebær var det viktigaste bærslaget, men dei hadde òg noko rips og solbær, mest for eigen saft- og syltetøyproduksjon. Bringe-bæra vart nok mest selde til Lerum Saftfabrikk. Bonden på Sande, bestefar til eigaren i dag, er registrert som den fyrste leverandøren av bær til Lerum Saftfabrikk i 1907.

05.04 Haustaktivitet                                                                                                    

Når høyet var i løa og bæra plukka gjekk det mot haust med tid for frukthausting, skjering av korn, innhausting av tobakken, poteter, kålrot og andre grønsaker. Dette var og ei travel tid for bonden på Sande. I tillegg skulle dyra tilbake til garden frå fjellet og stølen.

05.04.01 Fruktproduksjon                                                                                                        På Sande var det stor frukthage, mest eple - mykje Gravenstein, men og nokoÅkerø, Prins, Cox’s Pomona, og Fuhr. http://www.skogoglandskap.no/temaer/devanligste Men det var og noko plommer og pærer - Keiserinne og Gråpære. Det meste av frukthagen blei øydelagt av frostskadar slik dei fleste frukttrea langs fjorden blei det vinteren 1979

Dei beste epla vart pakka i trekassar og selde til dei store byane, medan pressepla som var dei dårlegaste, og nedfallsfrukta, blei selde til Lerum eller Brummundal.

05.04.02 Tobakksdyrking på Sande                                                                         

Det vart også dyrka tobakk på Sande heilt frå tidleg på 1900-talet og fram til ca 1950. Luster er kjend for sitt turre og milde sommarklima. Dette var ein viktig grunn til at bygda fekk ei omfattande tobakksdyrking alt frå slutten av 1800-talet fram til etter 2. verdskrig. Bonden på Kvåle i Luster hadde vore i USA og lært å dyrka tobakk. Han kom heim att i 1898, og hadde kunnskapen med seg og satsa stort, og han fekk mange med seg. Alt i 1902 var det 150 gardbrukarar som produserte tobakk på i alt  300 dekar i det som i dag er Luster kommune. Haustinga gjekk føre seg i august/ september, og så blei tobakksblada hengde til turk, anten i spesielle tobakkshus, eller som på Sande, på løa. I desember/januar blei dei turka blada lagt i ei spesiell fermenteringsveske, og etter ei tid her blei dei sende til tobakksfabrikkar, men som regel slik at bonden sikra seg ferdig pakka tobakk i retur. Både tobaksblad og returtobakk  kan du sjå på gardsmuseet på Sande. Den spissinga du finn på panelet (ytterkledninga) på sørveggen av løa på Sande er slik den også var på tobakshusa i midt-vesten i USA, og som ”kvålebonden” hadde ”teke med seg” heim frå USA, - og som vi stort sett berre finn i Luster.

 

05.05 Aktivitetar som føregjekk heile året.                                                 

På ein gard som Sande var det og ein del aktivitetar som gjekk føre seg heile året, og ikkje berre i enkelte årstider.

05.05.01 Fjordfiske                                                                                          

Fjordfiske var ein viktig del av kvardagen og matauken heile året. Dette gjekk føre seg helst med garn, men kveiteline og landnot var i bruk når tida var rett.

05.05.02 Revehald                                                                                                                   Sande var ein av omlag 50 gardar i Luster som hadde pelsdyr (1946), som stort sett var blårev og/eller sølvrev. Mink, i bur, kom aldri til Sande.

Reven kravde mykje mat og stell. Dei åt mest fisk og slakteavfall/kvalkjøt som dei mala opp på eigne kverner, og restane av slike kverner er på museet. Dette foret vart så blanda med kraftfòr og mjølk. Kvar vaksen rev åt om lag 50 – 60 kg fòr i året, så revematen var ein stor utgiftspost. Likevel seier soga at det var god forteneste og ”at dei tente ikkje betre på andre husdyr

BuiltWithNOF
[Index] [Vegen til Sande] [Historia til garden] [Livet på Sande] [Nyttige lenkjer] [Bilete, arkiv] [Hushaldsreiskap] [Gardsreiskap] [Ymse bilete] [Å bøte reiskap] [Skulehefte] [Kontakt] [Sideoversikt]