Untitled-3

SANDE

GARDSMUSEUM

06. Mat- og klesproduksjon –  ”kvinnfolkarbeidet” på Sande

Når ein studerar aktiviteten på ein gard på Sørsida av Lustrafjorden, som t.d. Sande, er det viktig å hugsa på at grenda ikkje fekk elektrisk straum før i 1953. Dei fekk bilveg ut or grenda fyrst i 1970. Før denne tida måtte all transport gjerast med ein liten robåt over fjorden.

06.01 Frå sau og ull til garn og kler

Sande, som dei fleste gardane, hadde sau. Desse blei klypte 2 gonger årleg med sauesaks, og av ulla skulle det lagast garn til strikking og veving. Fyrst måtte ulla kardast for at fibrane skulle blandast optimalt. Dette var ein føresetnad for å få sterk tråd med jamn farge. Deretter blei ulla tvinna til garn på rokken som kom til Noreg på 1600-talet. På rokken blei tråden overført til ei snelle og vidare til eit hespetre der tråden blei samla i hespe eller nyste. Kvifor vrange kvinnfolk har fått same nemning ”hespetre” er ukjent. På Sande hadde dei også vev og handdriven symaskin for å veve og sy kler.

På gardsmuseet på Sande er det samla utstyr som var på garden som t.d. sauesaks, karde, rokk, hespetre og symaskin, men og delar av ein vev.

06.02 Mjølkestell

Produksjon av mjølk frå kyr og geit utan kjøling og veg var krevjande. Dette førte til at det meste av mjølka måtte foredlast på garden. Kyramjølka blei separert ved hjelp av separatoren som skilte mjølka til fløyte og skumma mjølk. Fløyten blei kinna til smør medan skummamjølka blei brukt til fòr og/eller til ost. Geitemjølka blei til kvitost og brunost. Etter ei tid lagring av fersk mjølk får den eit lag med fløyte på toppen. Feittet i mjølka er lettare enn mjølkevæska og stig difor opp.

Rundt 1900 var separatoren oppfunnen og komen til Noreg. Sentrifugalkrafta hadde overteke for tyngdekrafta. Når mjølka blei overført til ei roterande kanne vil den tyngre mjølkedelen bli slengt ut mot veggen medan dei lette feittkulene blei samla innerst, og så blei fløyten og skummamjølka ført ut i kvar sine røyr.

For å få smør av fløyte/rømme måtte feittkulene påverkast mekanisk i ei kinne:

·        Stavkinne, der staven som likna på ein skistav, blei ført opp og ned til rømmen blei til smør.

·        Trekinne, som vi hadde på Sande, hadde ein akse med treskovlar som gjekk rundt i ei kanne av tre og som ”piska” rømmen til smør.

·        Stålkinna kom rundt 1910 og der stod aksen vertikalt, og blei dregen med sveiv .

Separatoren, trekinne og stålkinne frå Sande kan du sjå på gardsmuseet.

Ysting går ut på å spalte mjølka sin ostemasse og myse ved hjelp av kalveløype, som opprinneleg kjem frå kalvemagen, under svak oppvarming. Ostemassen blei til kvitost. Mysa, som var det som blei igjen, blei kokt inn til ein brun masse (prim) og blei til brunost.

Kvitosten blei forma i ei rund form og brunosten helst i ei firkanta form.

06.03 Baking – brødmatproduksjon

Kornet blei reinsa på garden ved hjelp av piggtreskeverket som er på gardsmuseet, medan det vart mala på ei lokal mølle i elva frå Feigumfossen i Feiga .

All baking, brød, flatbrød, lefser, vafler og  kaker av ymse slag vart utført på garden slik som all anna matproduksjon. Mykje av bakinga vart gjort på eit bakstefjøl som dei la på eit bord eller eigne stativ. Flatbrød og lefse blei steikte på takka. 

06.04 Kjøtproduksjon – slakting

Både gris, sau og kalv blei slakta på garden, helst om hausten, og blei foredla heime. Grenda hadde eigen slaktar, Olav Havreberg, som gjekk heim til kvar einskild gard for å slakta. Høner blei ikkje betrakta som folkemat, og gjekk til revemat.

Noko av kjøtet blei kokt/hermetisert, men det meste blei salta i saltbingar på stabburet, for å ha som mat om vinteren. Dette var før grenda fekk straum, den kom først i 1953, og då var kjøleskåp  og frysar ikkje aktuelt.

Framleis kjem sauen og brukar golvplankane i stabburet som ”saltstein” – dei er ”impregnerte” med salt.

BuiltWithNOF
[Index] [Vegen til Sande] [Historia til garden] [Livet på Sande] [Nyttige lenkjer] [Bilete, arkiv] [Hushaldsreiskap] [Gardsreiskap] [Ymse bilete] [Å bøte reiskap] [Skulehefte] [Kontakt] [Sideoversikt]